Berre veldig ivrig, eller avhengig av spel?

spill_medietilsynet06_lite

 

Når tek spelinga overhand? Når bør varsellampene lyse? Det er ikkje alltid like lett å vite kva som er normalt og ikkje. Her er nokre kjenneteikn på at nokon har eit speleproblem:

 
Ver merksam når barn og unge
·         sluttar med andre aktivitetar
·         kuttar ut sosialt samvær med vener og familie
·         skulkar skulen, droppar lekser, prøver og eksamenar
·         spelar om natta og søv om dagen
·         prøver å slutte eller trappe ned utan å få det til
·         kranglar med familien om spelinga
·         får nye, usunne matvaner, eller et meir eller mindre enn tidlegare
Les meir om faresignal og kva du bør gjere på www.hjelpelinjen.no

 

 

Hjelpelinjen_Logo_web_undertekst