Start ein diskusjon om spel i klassen!

 

Elevarbeid i skolen

 

Dataspel og pengespel engasjerer mange born, tenåringar og foreldre. Men har de tenkt gjennom kva de eigentleg veit om spel og korleis det påverkar oss ?

 

Sjå filmen, kunne det ha vore deg?

 

Vi anbefaler at de deretter les gjennom «Dette bør du vite om dataspill» og «Dette bør du vite om pengespill». For pengespelområde er det laga ein quiz som de kan gjennomføre i klassen.

 

Under finn de spørsmål som klassen kan prøve å finne svara på enten samla eller i smågrupper.

 

  1. Mange har foreldre som maser om at ungdomen bruker for mykje tid til spel. Kvifor gjer foreldre det?
  2. Veit foreldre nok om spel?
  3. Korleis kan ungdom lære opp foreldre?
  4. Vil du klare å dele kunnskapen din om spel med foreldra dine?
  5. Er det forskjell mellom jenter og gutar i kva type spel som blir spelt?
  6. Er det ok å gamble med penger i FIFA eller liknandes spel?
  7. Kor viktig er det å kjøpe seg opp i FIFA, eller er det betre å spele seg flink?
  8. Er det greit å dele/snakke om/be om fleire liv i spel i sosiale medier?
  9. Er det greit å invitere vener til spel i sosiale medier?
  10. Kjenner du nokon som kanskje speler for mykje? Kva kan vi i så fall gjere?
  11. Er klassen moden for å inngå ein Husfredavtale?
  12. Kva fordeler kan det vere med å inngå ein Husfredavtale med foreldra?

 

VIL DU TESTE KVA DOKKE VEIT OM PENGESPEL?  Prøv vår Kahoot-quiz. Den som skal styre quizen, trykker på lenka. Då kjem du til ei innloggingsside i Kahoot. Her kan du logge deg inn eller opprette ein brukar gratis, så kan du sette i gang quizen for dei andre. Det dei treng er ein smarttelefon/nettbrett/PC og tilgang til Internett, der dei går til www.kahoot.it.

Når du som styrer startar quizen, brukar dei andre gamepin-koden som dukker opp på din skjerm. Her kan fleire gå saman om å svare. Quizen er innstilt slik at dei som svarar riktig raskast, får flest poeng. Her får du altså testa kunnskapsnivået på ein artig måte!

 

 

Forslag til skriftlege oppgaver:

Korleis er penge- og dataspelverda om fem år?
Kva virkemidler bruker spelutviklere for å lokke til seg og halde på spelarar?

 

Diskutér kjønnsrollemønster i spelindustrien. Påstand: Dataspel og pengespel har eit konservativt kjønnsrollemønster – macho spel for gutane og sexy eller mjuke spel for jentene.

 

Kven tener penger på pengespel og dataspel?

 

Samle inn data over kor mykje tid og penger elevane i klassen bruker på data- og pengespel i løpet av ei veke eller ein månad samanlikna med andre fritidsaktiviteter og lekser. Er det forskjeller mellom gutar og jenter. Om det vil gjere undersøkinga større så kan de ta med foreldra heime.

 

Skriv ei norskoppgåve om marknadsføring av spel og kva effektar det har at idrettsstjerner og idol stiller opp i reklame for ulike spel.

 

Dataspel i sosiale medier kan være inngangen til pengespel då det er fristande å kjøpe seg inn eller opp i nivå på spelet. Skriv ein kort tekst omkring problemstillinga.